Jul på Nordmøre med mykje å gle seg over

Nordmøre og Romsdal Ungdomslag held koken og har levert nok eit solid «Jul på Nordmøre.»

Teikning: Forsida er prega av ei flott teikning frå Bergljot Hals. Imponerande gjort. 

Nyheter

Eg blir rett og slett imponert både over stil og innhald når eg sett meg ned med Jul på Nordmøre. Bladet har ei tiltalande form, som eg er overtydd over at mangeårig primus motor og leiar for skriftstyret for heftet, Eistein Bæverfjord ville ha sett stor pris på. Bæverfjord gjekk bort i 2016.