Internasjonal skolekonferanse i Stavanger:

Benjamin og Elise er innleiarar på internasjonal konferanse

For første gong i historia blir den internasjonale skolekonferansen ICSEI halden på norsk jord. Elise Brøske og Benjamin Skålvik Rønning er plukka ut som innleiarar til Showcase Norway på torsdag.

Gler seg: Benjamin Skålvik Rønning skal saman med Elise Brøske representere Surnadal og Nordmøre under den internasjonale kongressen for auka effektivitet og forbetring av skulen (ICSEI) i Stavanger denne veka.  Foto: Magne Lillegård

Nyheter

Onsdag denne veka dreg Elise Brøske og Benjamin Skålvik Rønning saman med foreldrerepresentant i Surnadal, Janne Husby Haugen, til Stavanger og den internasjonale konferansen for framtidig skoleutvikling, ICSEI.

Surnadalingane er del av ein større delegasjon frå Nordmøre, og elles frå heile Midt-Norge der også NTNU er sterkt representert.

Dei to skoleelevane frå Surnadal skal blant anna innleie Showcase Norway som start på seksjonen for Nordmøre – sjølvsagt på engelsk.

Nordmøre viser seg fram

– Våre to elevar skal snakke om framtida vår, og etter innleiinga blir dei intervjua om kva dei som elevar tykkjer om å bli involvert i utviklinga av skolen på denne måten, fortel einingsleiar oppvekst i Surnadal kommune, Astrid Mogstad Høivik.

– Det er kjempeartig for oss at Nordmøre har fått ein slik sjanse, og at vi har med to elevar og ein foreldrerepresentant frå Surnadal, seier ho.

Det er nemleg ikkje småtteri dei skal vere med på. I konferansen får dei møte verdas fremste skole- og utdanningstenkarar og får hente råd og inspirasjon frå desse.

Betre skole over heile verda

Konferansen skal løfte fram dagsaktuelle problemstillingar knytta til utdanning og skole, og der agendaen blir sett for framtidig skoleutvikling.

Skoleleiarar, lærarar, beslutningstakarar og utdanningsforskarar frå ei rekke land vil dele nyskapande kunnskap, erfaringar og god praksis frå sine skolar og barnehagar.

Målet er å bidra til auka kvalitet innan utdanning over heile verda.

Astrid Mogstad Høivik kjenner seg trygg på at deira elevar vil gjere ein god figur i konferansen ut frå slik ho kjenner dei.

– Dei er jo sjølvsikre ungdommar som har godt grunnlag for å snakke om dette temaet. Vi slit kanskje meir med prestasjonsangsten nokre av oss litt eldre, smiler ho.

Ho peiker elles på at desse elevane er såpass vaksne at dei vil ha nytte av å vere med på dei delane av konferansen utanom akkurat det som gjeld Nordmøre og lokale tilhøve.

Ser fram til store opplevingar

Benjamin Skålvik Rønning er spent, men først og fremst gler han seg.

– Vi skal jo innleie showcasen, og det er ein litt spesiell måte å gjere det på. Vi har fått vite at dei gjer det på denne måten for at alle skal bli involvert og at alle skal snakke med alle.

– Så du gruar deg ikkje?

– Nei, eg trur det skal gå bra. Og om eg skulle dumme meg ut, blir det vel framfor folk eg aldri kjem til å treffa på att seinare i livet, humrar han.

– Ser du for deg at turen til Stavanger kan by på opplevingar også utanom sjølve konferansen?

– Ja, det er jo første turen min til Stavanger, så eg håper det blir høve til å sjå nærare på byen i tillegg til det vi sjølv skal delta på, seier han.