Språket vårt – verd å satse på?

Lesarinnlegg.
Nyheter

Språkrådet kom i oktober 2018 ut med ei utgreiing frå eit framtidsutval som hadde hatt som oppgåve å identifisere dei viktigaste innsatsområda for å sikre at norsk språk står sterkt på alle samfunnsområde også i framtida. Den norske språkpolitikken vart formulert og drøfta grundig på Stortinget i 2009 ut frå St.meld nr 35 (2007-08) i «Mål og meining. Ein heilskapeleg norsk språkpolitikk». Men etter ti år med store samfunnsendringar har det vore viktig å vurdere situasjonen ut frå situasjonen i dag. Nokre innsatsområde blir spesielt peika på:

a) I arbeidslivet er det eit stort språkmangfald, og her er det nødvendig med opplæring i norsk. I 80 prosent av norske bedrifter ser ein det som viktig med god skriftleg og munnleg kompetanse i norsk blant dei tilsette. I 2017 var det ca 280 000 arbeids-innvandrarar i Noreg, og av desse var svært mange frå EØS-området og spesielt frå Aust-Europa. Dei har korkje rett eller plikt til å lære seg norsk, og konsekvensen er redusert sikkerheit på mange arbeidsplassar, og høg risiko for ulykker.

b) Men utfordringa med dårlege norskkunnskapar gjeld ikkje berre byggeplassar, men også til dømes barnehagar, der tilsette føler at dei har for dårlege norskkunnskapar til å kommunisere godt med kolleger, barn og foreldre.

I tillegg understrekar utvalet at norsk må vere ein del av den obligatoriske delen av grunnskolelærarutdanninga for å sikre dei språklege rettane til alle barn både på nynorsk og bokmål.

c) På det språkteknologiske området skjer det svært mykje, og det meste med engelskspråkleg utgangspunkt i regi av Microsoft, Google, Amazon og IBM.  Her er det krevjande for små land og språk å henge med, og svært viktig at det skjer ei sterk nasjonal satsing på språkdata som speglar norsk talemål og skriftsspråk.

d) Medielandskapet er og i rask endring. På under 10 år har til dømes Facebook fått 3,4 million brukarar over 18 år i Noreg, og YouTube, Netflix, snapchat og Instagram er blitt viktige mediekanalar og informasjonskjelder, og skiljet mellom nasjonale og internasjonale medium er i ferd med å bli viska ut. Framtidsutvalet tilrår at det må takast omsyn til dei språkpolitiske måla når ein utviklar politiske verkemiddel på mediefeltet, og at det bør stillast krav til at alle skandinaviske program skal vere tilgjengeleg på originalspråket for eit norsk publikum.  Meir nordisk samarbeid og medvit er naudsynt for å skape eit attraktivt alternativ til det engelskspråklege innhaldet.

e) I universitets- og høgskolesystemet har fokuset på internasjonalisering ført til aukande uro for norsk fagspråksutvikling og for det fagspråklege kretsløpet. Dette kretsløpet dreier seg om opplæringa i høgskolar og universitet, som påverkar språksituasjonen i næringslivet og i offentleg sektor, og igjen i samfunnslivet.  Det manglar systematisk opplæring i engelsk fagspråk, både for tilsette og studentar. Og norsk blir brukt i stadig mindre grad i høgare utdanning i landet vårt. Det må derfor utviklast overordna, effektive incentiv og ressursar for å støtte opp under bruken av norsk i universitets- og høgskolesektoren. Institusjonane må definere kva for språkkompetanse studentane treng på norsk og engelsk, både ut frå behovet i studia, men og ut frå samfunnets behov.

f) Språka til dei nasjonale minoritetane er ein viktig del av den språklege kulturarven i landet. I den språklova som er varsla må det bli fastsett at staten har eit ansvar for å verne og fremme dei nasjonale minoritetsspråka (samisk, kvensk,  romanes (sigøynarar), romani (taterar) og norsk teiknspråk).

g) Fleirspråklegheit må i større grad sjåast på som ein ressurs og noko positivt, og Språkrådet må i større grad få ansvar for og nytte ressursar på formidling av kunnskap om fleirspråklegheit.

Regjeringserklæringa frå Granavolden har og nokre setningar om den nye språklova som skal kome. Her er det slått fast at «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk». Det blir slått fast at regjeringa skal «vurdere tiltak for å styrke hoved- og sidemålsopplæring for tidlige alderstrinn», «utrede språkdelt ungdomsskole» og «sikre retten til læremidler på begge målformer». Samtidig arbeider Noregs Mållag med nytt prinsipprogram, som skal vedtakast på landsmøtet i 2020. Det er 23 år sidan det forrige prinsipprogrammet vart vedtatt.

Vi lever i ei uroleg og spennande tid, også for morsmålet vårt.  Det er all grunn til å engasjere seg og prøve å henge med i debatten  - om vi meiner at det norske språket er viktig og verd å satse på.


Eivind Hasle

6650 Surnadal