Verdig punktum for den 25. Vårsøghelga:

To urframføringar på éin kveld

To erfarne komponistar og utøvarar av høg klasse fekk æra av å avslutte den 25. Vårsøghelga. Konserten «E slåttatæja» vart i sannheit ei verdig avslutning.

Komponistane Henning Sommerro og Bertil Palmar-Johansen var strålande nøgd med klaversolist Mona Spigseth og hennar tolkingar av «Vegen» og «Hippocampus variasjoner».  Foto: Magne Lillegård

Nyheter

Henning Sommerro hadde teke utgangspunkt i si eiga tonesetting til Hans Hyldbakks dikt «E slåttatæja» og laga klavervariasjonar over denne.