Noregs blomsterdal - men så kom Vegvesenet

Med kantslåmaskinane sine.

Illustrasjonsfoto  Foto: Geir Forbregd

Nyheter

På Jonsvaka i Åsskard kyrkje den 21. juni avslutta vi med ein klassisk allsong: ”Så grønn en drakt, så rik en duft har smykket dal og enger! Nå strykes ømt av lys og luft de fagre urtesenger. Hør lundens sus og bekkens brus forkynne hva som kommer: Omsider blir det sommer!”

På den tida hadde prestkragar, ville orkidear og all slags midtsommarsblomster alt sprunge ut i all sin prakt langs vegakantane. Og humler og ville bier heldt fest på nektar og pollen.

Men så kom Vegvesenet! Med kantslåmaskinane sine. No finst det ikkje ein markblomster att langs vegane, og insektlivet er borte. Så skal ein ikkje langt unna kantane før ein møter ”bondens aker”. Her finst heller ingen blomster,  og ikkje eit insekt. Der er det giftjordbruket som dominerer. Og kjem ein inn på ein hageflekk, er det likeeins. Her har dei slått plena tri gonger alt.

I vakre Jemtland på svensk side har dei tilsett eigen landskapsgartnar som har som jobb å forvalte vegakantane. Der kan ein køyre langs endelause vakre blomsterenger gjennom heile sommaren. Kantslåtten gjer dei unne på skånsamt vis etter avblomstring på seinsommaren. Kanskje ein tanke for Vesvesenet i den vakre dalen vår ?

Nils Røv