Sigrid har passert nålauget:

Konkurrerer mot verdas beste

Sigrid Vetleseter Bøe kjenner på sommarfuglar og uroleg somn før ho skal i elden fredag formiddag i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. Men pytt pytt! Det er trass i alt berre dei beste songarane i verda i hennar aldersgruppe ho konkurrerer mot.

Sigrid Vetleseter Bøe er teken ut til å delta i Dronning Sonja internasjonale musikkonkurranse. Fredag kl 11.40 skal ho elden første gong i konkurransen.  Foto: Privat

Nyheter

– Eigentleg har eg verdas dårlegaste konkurranseinstinkt, og unner kvar og ein av desse utøvarane som er samla i Oslo no å vinne. Og så er dei jo så trivelege alle saman, seier Sigrid.