Utselt på rekordtid

Alle billettane vart rive bort på rekordtid.

Billettane til konserten med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistene i Stangvik kyrkje i mars neste år vart rive bort på rekordtid.   Foto: Marthe Vannebo

Nyheter

20. mars neste år arrangerer Vårsøghelga konsert med Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen og TrondheimSolistene i Stangvik kyrkje. Billettane til konserten vart lagt ut via Surnadal kulturhus fredag klokka 10, og allereie klokka 10.40 var alle billettane rive bort.

Det er leiar i Vårsøghelga, Anders Larsen som opplyser dette i ei pressemelding.

– Alle billettane vart altså seld på 40 minutt. Det er ny rekord i Vårsøghelgsamanheng, og kanskje til og med Nordmørsrekord, seier Larsen.

Konserten i Stangvik kyrkje er den einaste konserten Åge og TrondheimSolistene spelar på Nordmøre i 2020.