Meir musikalsk fyrverkeri frå TrondheimSolistene

Det er på tide å markere at vi rundar eit nytt årsskifte, og TrondheimSolistene vil gjera sitt – som alltid – for å feire dette på Nyttårskonserten fredag 10. januar på Surnadal kulturhus.
Nyheter

TrondheimSolistene er eit topp, profesjonelt ensemble av musikarar, etablert i 1988 og med eit musikalsk vidsyn få, om nokon, kammerorkester kan matche. Dei er, i tillegg til i Surnadal, også store internasjonalt, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet, heiter det i ei pressemelding fra kulturhuset i Surnadal.