Overraska med Pavarotti

NOFO-konsert på Matkroken.

Kjell Gunnar Polden med elevar sprer førjulsglede i kommunen.   Foto: Dordi J H

Nyheter

Pavarotti med kor frå Nordmøre Folkehøgskule laga ei retteleg triveleg førjulsstund i Kaffekroken på Halsbua fredag føremiddag. Dette til stor glede for «stamgjester», tilsette og anna publikum i butikken, skriv todalen.no.

Kjell Gunnar Polden er lærar på NOFO og ansvarleg for denne elevgruppa som no før jul er rundt i kommunen for å spre julehygge. Dei er på ein besøksrunde til sjukeheimen, kommunehuset, skular og nærbutikkane i Todalen og Bøfjorden. Dei blir godt mottekne over alt og får stor takk for besøk og underhaldning! Forresten så tek dei og ansvar for å skape trivsel heime på skulen med å servere gløgg og sjølvbaka lussekatter til medelevar og tilsette. Det er flott! Les meir her.