Naturvernforbundet er bekymra:

Fryktar steinfylling kan rase

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal fryktar den voldsomme steinfyllinga som må til for å legge til rette kaiområdet på Raudsand kan rase og utløyse ein tsunami.

SJØFYLLING: Det er under planlegging ei djup sjøfylling for å legge til rette kaiområdet på Raudsand. 

Nyheter

I samband med planlegginga av det nasjonale anlegget for mottak av farleg avfall på Raudsand må det anleggast ei stor sjøfylling der skal fyllast opp med stein heilt ned på 170 meter djupne. Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal stiller spørsmål ved om dette er muleg å få til, og seier han er uroa for kva som kan skje dersom fyllinga tek til å rase etter at den er kome på plass.