Målprisen til Gro og Unni

Nordmøre Mållag sin Målpris for 2019 gjekk til Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp.

Dyktige medarbeidarar frå Nordmøre: Dei produserer Du mitt Nordmøre, og dei har hatt og har arbeidsoppgåver i mållaget. Frå venstre Solveig Hindhammer, Nils Ulvund, Gro Kjelleberg Solli, Astrid A. Aubert, Ingrid Kjønnøy og Rolv Sæter.  

Nyheter

Gro Kjelleberg Solli var på plass på årsmøtet på Thon hotell Surnadal, laurdag 7. mars, og tok imot prisen. Unni Boksasp var ikkje til stades, men får prisen ved eit seinare høve.