Koronaviruset:

Surnadal kommune har heva beredskapsnivået - og tilsett kommuneoverlege

Surnadal kommune har frå torsdag heva beredskapsnivået og sett krisestab. Ein kommunelege er og på plass. Torsdag varsla regjeringa at alle skular og barnehagar i landet skal stengast. Det er drastisk. Situasjonen endrar seg fort og tiltak for å hindre smittespreiing blir raskt meir inngripande.

Ingen smitta: Så langt har ingen i Surnadal fått påvist koronavirus-smitte. Situasjonen blir heile tida tett overvaka av kommunen, som har heva beredskapsnivået. 

Nyheter

Situasjonen omkring koronaviruset og tiltaka for å hindre smittespreiing blir stadig meir inngripande. Møter og arrangement vert avlyst på rekke og rad, både i butikkar og andre stader blir folk oppmoda om å "sprite" hendene når dei kjem og når dei går, og i fleire kommunar er både skular og barnehagar stengt. Dette er nokre av tiltaka som folk no opplever for å hindre og avgrense smittespreiing.

I Surnadal kommune er ingen så langt smitta. Her har skular og barnehagar så langt vorte drifta som normalt. Men situasjonen endrar seg stadig. Torsdag morgon opplyser kommunen på sine heimesider at kommunen i samråd med nasjonale helsemyndigheiter, fylkesmann/fylkeslege, har heva beredskapsnivået og sett krisestab.

Situasjonen, som nærmast endrar seg frå time til time, blir tett overvaka og tiltaka for å hindre smittespreiing av koronaviruset kan raskt bli meir inngripande.

Kommunen – som følgjer Folkehelseinstituttet sine retningsliner, rår tilsette og innbyggarar om å følgje med på kommunen sine nettsider og følgje dei råda som kjem fram her.

Har gjort særskilde tiltak

Kommunen opplyser vidare at det i tillegg er gjort særskilde tiltak for å sikre kontinuitet i høve til beredskap og overfor tilsette. Reglar for tilsette i Surnadal kommune for å avgrense smitterisikoen for koronavirus er slik (TORSDAG MORGON):

• Møteverksemd i regi av kommunen med meir enn 15 deltakarar blir avlyst.

• Alle møte som kan bli gjennomført på Skype/ video skal bli gjennomført slik.

• Skular og barnehagar skal driftast som normalt. (Oppdatert til slutt i artikkelen).

• Tilsette skal ikkje reise på kurs og seminar.

• Tilsette blir oppfordra til å vurdere si deltaking på kultur- og idrettsarrangement.

• Tilsette bør ikkje reise til utlandet.

Desse reglane gjeld for alle tilsette, alle tilsette i kommunale føretak og dei som er i samarbeid med Surnadal som vertskommune.

– Årsaka til at Surnadal kommune går ut over Folkehelseinstituttet (FHI) sine anbefalingar, er for å avgrense smitte til kritisk personell, skriv kommunen på heimesida.

– Følg anbefalingane

Når det gjeld tilsette i helse- og omsorgstenesta, skal alle vere heime frå jobb i 14 dagar etter heimkomst frå område med vedvarande smittespreiing. Dette for å beskytte eldre menneske og kronisk sjuke mot smitte, da desse gruppene er ekstra utsett for å kunne få ein meir alvorleg sjukdomsgang.

Andre tiltak som kommunen har vurdert – men enda ikkje innført, er avlysing av politiske møter, stenging av kantiner, samt avlysing av alle arrangement ut over anbefalingane frå Folkehelseinstituttet.

Kvart einskild arrangement blir risikovurdert og alle arrangørar bes om å følge Surnadal kommune si rettleiing for risikovurdering og vere oppmerksame på moglegheita for effektiv smittesporing i etterkant av arrangement.

Det viktigaste for å førebygge og hindre smittespreiing er likevel det å ha gode hygienerutinar, så på generell basis blir alle oppmoda om å vere ekstra nøye og påpasselege med hygienen framover, spesielt med tanke på hosting og handhygiene. Elles ber kommuneleiinga i Surnadal om at alle følgjer Folkehelseinstituttet sine anbefalingar.

På kommunens heimesider finn ein meir informasjon mellom anna om restriksjonar, rettleiingar og tiltak, samt kvar ein henvender seg og korleis ein går fram ved mistanke om smitte.

Har tilsett kommunelege

Surnadal har per i dag ingen kommunelege. Men i neste veke presenterer kommunen ein ny kommuneoverlege.

– Ein kommuneoverlege er tilsett i halv stilling og er formelt på plass måndag. Dette er ein fagleg sterk person som skal ta hand om situasjonen framover, ein som kan hjelpe oss med gode val og som kan fatte gode vedtak, seier kommunedirektør Knut Haugen.

Alvorleg: Situasjonen er alvorleg og kommunedirektør Knut Haugen seier at Surnadal kommune naturlegvis vil følgje opp alle dei anbefalingar og pålegg som blir gjeve av nasjonale myndigheiter.  Foto: Privat

I samband med tilsettinga av kommuneoverlegen er det innkalla til pressekonferanse tysdag.

Stenger alle skular og barnehagar

Når Driva er i kontakt med Haugen torsdag ettermiddag har regjeringa varsla pressekonferanse klokka 14, der statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) legger fram nye tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Nasjonal presse har da antyda at statsministeren vil formidle at alle landets skular skal stengast.

– Pressekonferansen skal vi følgje tett og vi vil sjølvsagt handle etter – og følgje dei anbefalingar og pålegg som vi får frå nasjonale myndigheiter, seier Haugen.

Han opplyser vidare at Surnadal kommune naturlegvis vil ha folk på jobb gjennom heile helga, slik at all naudsynt informasjon vil bli gjeve i den grad det skjer noko.

Per torsdag 12. mars er det ingen i Surnadal kommune som har fått påvist koronasmitte.

Under pressekonferansen som starta klokka 14 kunngjorde statsministeren saman med helse- og omsorgsministeren dei mest drastiske og mest inngripande tiltak som er gjort i fredstid, blant anna at alle landets skular og barnehagar blir stengt.