Som dei varsla dei kunne gjere før helga, stengjer Surnadal kommune no dørene inn til kommunehuset. Dette i tråd med førebyggande smitteverntiltak. Kommunehuset blir stengt for besøkande frå og med 16. mars og inntil vidare.
- Vi oppfordrar til å ta kontakt med oss via e-post og telefon, seier kommunen på si heimeside.
For å redusere faren for koronasmitte, stenger og fylkeshuset med fylkeskommunale og statlege etatar for publikum inntil vidare.
Som hovudregel ber vi no alle tilsette om å arbeide heimanfrå, så sant dei ikkje har fått beskjed frå leiar om å møte på jobb.
- Du kan framleis nå oss på telefon og e-post, heiter det frå Molde.