6. april: Status for innlagde pasientar

Her er status for dei åtte pasientane som er innlagde med koronasmitte i Helse Møre og Romsdal.
Nyheter

Pressemelding frå Helse Møre og Romsdal:

Status 6. april:

Volda sjukehus:

1 innlagd koronapasient. Tilstanden for pasienten er framleis alvorleg, men stabil. Ein pasient som har vore innlagd i kohortavdelinga blei skriven ut frå sjukehus 5.april.

Ålesund sjukehus:

1 innlagd koronapasient. Vedkommande får intensivbehandling. Tilstanden til pasienten er alvorleg, men stabil.


Kristiansund sjukehus
:

4 innlagde koronapasientar. To pasientar ligg på kohortavdelinga. Ein av desse blei innlagd søndag 5.april. Tilstanden til kohort-pasientane er etter forholda god. Dei to andre pasientane får intensivbehandling. Tilstanden for desse er alvorleg, men stabil.

Molde sjukehus:

2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for den eine pasienten er framleis alvorleg, men stabil. Den andre pasienten er flytta til kohortavdelinga og pasienten er i betring.

Totalt 8 pasientar med koronasmitte er innlagd i HMR.