Politiet vil heller gje råd enn å straffe

- Landet vårt er i ein svært alvorleg situasjon, og påska står for døra. Mykje tyder på at dei omfattande tiltaka styremaktene har sett i verk verkeleg har hatt effekt, men vi er ikkje i mål enno, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt
Nyheter

Pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt:

- Landet vårt er i ein svært alvorleg situasjon, og påska står for døra. Vi nordmenn har ei sterk dragning mot hytteliv og ski når påska kjem, men i år må vi ofre dette i den nasjonale dugnaden for å handtere Korona-pandemien. Mykje tyder på at dei omfattande tiltaka styremaktene har sett i verk, verkeleg har hatt effekt, men vi er ikkje i mål enno, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt, som sjølv har hytte i ein annan kommune enn det han bur.

Intensjonen bak forbodet er at alle skal halde seg heime der dei bor, slik at ein avgrenser belastninga på det lokale hjelpeapparatet i hyttekommunen - som skal handtere Korona-pandemien.

- Vi opplever at folk i stor grad etterlever hytteforbodet og det er bra. Men vi må halde fram med det, vi er ikkje i mål enno.

Politiet har så langt lagt vekt på å nærme seg situasjonen gjennom førebygging, råd og rettleiing.

- Men det må ikkje vere tvil om at openberre brot på smittevernlova vil bli tatt på stort alvor. Vi opplever likevel at folk i stor grad respekterer karantenereglane og det er bra. Men vi kan ikkje slappe av enno. Vi treng denne nasjonale dugnaden for å handtere en alvorlig pandemi i Norge. Dette er ikkje berre ei privatsak, men eit samfunnsansvar alle må ta i fellesskap, seier Bøen.

Dersom folk rettar seg etter smitteverntiltaka, vil den enkelte samtidig bidra til at politiet kan bruke mest mogleg av sine ressursar på å førebygge og bekjempe alvorleg kriminalitet.

- Det inneber mellom anna at du heller ikkje må la deg friste til å oppsøke dei mest populære utfartsstadane om turveret skulle bli godt i den stille veka. Start turen heimanfrå og velg deg turmål som du ikkje har hatt før. Det er nemleg svært viktig å hindre smittespreiinga og at vi også framover passar på å halde avstand til andre enn dei som høyrer til husstanden din, seier politimeisteren.

Politiet er altså meir opptatt av å gje råd enn å straffe. Skulle du kome i ein situasjon som du er usikker på korleis du skal handtere: Ring politiet tlf 02800.