Sel femti billetter til Kleivakvelden

Selges på nett.

Frå Kleivakvelden i 2018. 

Nyheter

I eit presseskriv informerer Vårsøghelga det vil bli selt 50 billettar til innspelinga av Kleivakvelden den 14. mai. Billettane blir å få kjøpt på nettsida til Surnadal Kulturhus frå tysdag klokka 12. Arrangøren seier det er maks fem billettar per kjøp.

Vidare listar Laget Vårsøg opp retningslinjer publikum og arrangør må ta omsyn til:

– Det vert ikkje organisert transport opp til Kleiva. Publikum må gå opp.

– Ingen tilgang til toalett på Kleiva

– Det vert ikkje selt kaffi og kaker, men vi oppfordrar publikum til å ta med seg noko godt i sekken.

– Publikum må registrere seg med namn og telefonnummer ved framkomst på Kleiva, i tilfelle det vert nødvendig med smittesporing i etterkant. All data vert sletta etter to veker.

– Arrangøren markerer kor publikum skal sitte under konserten, med ein meter avstand til kvarandre. Folk frå same husstand kan sjølvsagt sitte tettare.

– Elles så oppfordrar vi alle til å følge Folkehelseinstituttet sine smitteråd.

– Sjølv om det er ein del krav og forskrifter vi må stelle oss til, ønsker vi i Vårsøghelga at dette skal bli nok ein magisk Kleivakveld med fantastiske artistar, publikum og ein stolt Kleivaprisvinner. Det er også stor stas at vi kan møtes på Kleiva for å markere jubileet for «Vårsøg», som Hans Hyldbakk skreiv for akkurat 75 år sidan på Kleiva. Konserten vert filma, slik at alle som vil, kan sjå den på nett frå laurdag 23. mai klokka 20, seier leiar Anders Larsen i Vårsøghelga.

Arrangøren retter ein stor takk til Surnadal Kommune, sine samarbeidspartnarar i Vårsøglauget, Vårsøgvener og Nordmøre museum, som gjer denne innspelinga og Kleivakvelden mogleg.