– Ja, det blir Stangvikfestival

– Vi håpar og trur at vi skal få til ein fin festival og at dette blir ei fin helg med noko for alle! Det seier styreleiar Jo Inge Nes, etter at styret no har bestemt at Stangvikfestivalen 2020 skal gjennomførast - da i ei litt nedskalert utgåve.

Gjennomfører festivalen: Styret i Stangvikfestivalen har avgjort at det blir Stangvikfestival no i sommar, men at det blir ei litt nedskalert utgåve med avgrensa billettsal til dei ulike arrangementa. Foto: Stangvikfestivalen. 

Nyheter

Stangvikfestivalen har i lengre tid jobba med å få til å arrangere årets festival, og i eit styremøte no i helga vart det bestemt at festivalen skal gjennomførast helga 31. juli til 2. august.