Er godt i gang med andreslåtten

Satsar på eit par til.

I hus før helga: Ola Kvendset og sambuar Anne Berit som driv Viastua på Kvennset har i år rundt 280 mål med grasmark.  Foto: Jon Olav Ørsal

Nyheter

Ola Kvendset er så smått i gang med andreslåtten. Først ute var ein åker med ei blanding av åkerbønner, haustrug, hundgras og kvitkløver som var nysodd, skriv todalen.no.

Her var nok førsteslåtten mest ugras, etter ein heilt spesiell vår med både nysnø, tørka og ein periode med regn, fortel Ola.

– Men no kjem åkeren fint og eg reknar med å få litt over ein ball pr dekar, seier han.

På denne åkeren satsar han på ein eller to rundar til før det blir vinter. Les meir her.