Kø nedover bakkane for servering på Todalshytta

Opplever stor pågang i sommar.

Frukost i det fri: Det er slett ikkje vanleg at Stian og Arve Evensen har tid til å sette seg ned saman med frukostgjestane på Todalshytta. Frå venstre Othilde Skjøstad og Mathias Onsrud frå Oslo saman med vertskapet Stian og Arve Evensen.  

Nyheter

Det er mange som opplever stor pågang og skikkeleg trøkk i sommar – ikkje minst har turistnæringa som på det næraste var nede for teljing i vår skutt fart. På Todalshytta er det ikkje noko unntak, og i helga var det kø nedover bakkane med folk som kom for å få servering. Mange måtte faktisk snu med uforretta sak, seier Stian og Arve Evensen – far og son, som i år driv Todalshytta.