Ella Marie takka Mardølaaksjonistane

- Tusen takk til alle som deltok i Mardølaaksjonen for 50 år sia, sa Ella Marie Hætta Isaksen frå scena, og fekk jubel til svar. Mardalskonserten 2020 levde opp til det lokale slagordet: Det finst berre ein.

TAKKA AKSJONISTANE: Artist og miljøforkjempar Ella Marie Hætta Isaksen retta ein sterk takk til alle som deltok under Mardølaaksjonen for 50 år sia.  Foto: Svein Sæter, alle foto

Nyheter

Konserten med gruppa Isák laurdag kveld avslutta Mardøla 2020; markeringa av at det er 50 år sia Mardølaaksjonen. Dagen før var det seminar om aksjonen, der Ella Marie var interessert tilhørar. Ho har hatt sentrale verv i Natur og Ungdom, og kjempar mot den planlagte dumpinga av gruveavfall i Repparfjorden.