Nok et smittetilfelle påvist

Kommuneoverlegen i Surnadal har i kveld fått melding om eit påvist smittetilfelle med covid-19  knytta til testing i regi av den pågåande smittesporinga.

Kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune  Foto: Surnadal kommune

Nyheter


Det er ein vaksen person i same krets som no har fått påvist smitte, så dette smittetilfellet påverkar ikkje smittesporinga. Dette er status pr. kl. 21:30 lørdag kveld.

- Alle testar er ikkje analyserte per no. Vi forstår at det er knytta spenning til utviklinga av den pågåande smittesituasjonen. Dersom vi får melding om fleire påviste smittetilfelle utover kvelden, vil vi komme med ei oppdatering i morgon formiddag og ei ny statusoppdatering om kvelden, søndag, opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan.