Atomkraftverk på Nordmøre

Nordmøre skulle få ei strålande framtid, bygd på atomkraft. Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) meinte at Tingvoll, Halsa og Aure var godt eigna vertskap for eit atomkraftverk, og peika ut sju aktuelle tomter. Reaksjonen frå styret i Tingvoll Arbeidarparti var spontan: «Vi for vår del tror at planen om å legge et kjernekraftverk til Nordmøre vil være en fantastisk utviklingsmulighet...»
Nyheter

Dette er ikkje eit samandrag av handlinga i ei kommande bok i fantasy- sjangeren, men harde fakta anno 1973. Svenskane hadde begynt å byggje atomkraftverk, og NVE ville ikkje vera dårlegare. Atombomba small på NRK den 3. april: Nordmøre var høgaktuell plassering for eitt av dei 12 kjernekraftverka som burde byggjast mellom Oslofjorden og Trøndelag.