Una til semifinalen: - Eg er veldig imponert

Una Langeland Gravvold skal konkurrere i World Open Tournament i regi av International Taekwon-Do Federation. Turneringa foregår digitalt og dommarpanelet består av dommarar frå ulike land rundt om i verda.

Una Langevold Gravvold frå Surnadal Taekwon-Do-klubb er klar for semifinale internasjonal Taekwon-Do-turnering.  

Nyheter

Una Langeland Gravvold frå Surnadal Taekwon-Do-klubb har gått heilt til semifinalen i ei internasjonal e-turnering i regi av International Taekwon-Do Federation. Una er på juniorlandslaget i sparring, men no skal ho konkurrere i konkurranseformen mønster.
Sidan turneringa er digital skal utøvarane filme seg sjølv, eller bli filma av andre, medan dei gjer dei ulike posisjonane og rørslene. Filmen blir deretter sendt til eit internasjonalt dommarpanel.