Engasjerte deltakarar på valvake

Hilarie Bratset: – Eg er nervøs

Sunndal folkebibliotek arrangerte valvake natt til onsdag. Driva prata med fleir av deltakarane for å høyre kva dei tenkjer, no som resultatet av presidentvalet i USA er rett rundt hjørnet.

Nervøse for valresultatet: Hilarie og Per Ole Bratset. 

Nyheter

Per Ole og Hilarie Bratset er nokon av dei fyrste som kjem til biblioteket tysdag kveld. Dei skal rigge og gjere seg klar til å framføre nokon av låtane sine på valvaka. Til vanleg er dei fire i bandet "The High Water Marks", sunndalingen Øystein Megård og ein bassist frå USA, i tillegg til Hilarie og Per Ole. Denne kvelden skal dei spele både gamle og nye låtar og i løpet av november slepp dei eit nytt album.