Minnest barndom og oppvekst:

Grete Oddny gjev ut bok om oppveksten

Grete Oddny Moen Aarnes har si andre bokutgjeving liggande klar til sal. I «Minnenes melodi» skildrar ho eigen oppvekst i Mosokna, menneske ho minnest og også noko lokalhistorie frå eldre tid.

Lokalhistorie frå eige minne: Grete Oddny Moen Aarnes har teke for seg oppveksten i Mosokna slik ho sjølv minnest den, men òg henta inn mykje lokalhistorisk stoff frå lenger tilbake i tid. Boka «Minnenes melodi» vil nok mange bli glade for å finne under juletreet. 

Nyheter

– Eg tek utgangspunkt i Mosokna ut frå eigne minne, men trur nok det kan vere ganske allmenngyldig for einkvar som vaks opp på den tida, seier ho.