Politiet: – Fleire gjerningspersonar skal ha angripe ein familie med balltre og mogleg kniv

Fem personar er arrestert etter at familie blei angripe på Valderøy måndag morgon.

Utrykking: Måndag morgon rykka politiet ut til Valderøya, fleire mistenkte blei arresterte.   Foto: Sunnmørsposten

Nyheter

(Smp): Politiet rykka måndag ut til Nordstranda på Valderøya. Her skal fleire gjerningspersonar ha angripe ein familie med balltre og mogleg kniv. Det skreiv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding klokka 08.34. Hendinga skal ha skjedd i 07.30-tida.