Tysdag kan du sjå modulvogntog på vegen frå Sunndal til Kristiansund, via Molde

Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges Lastebileier-Forbund skal i samarbeid prøvekøyre fleire fylkesvegar på Nordmøre og i Romsdal med modulvogntog tysdag 9. februar.

Prøvekøyring av modulvogntog startar ved T. Ottem Transport, på Sunndalsøra, 9. februar. Her er dagleg leiar Torstein Ottem.   Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

Fylkesvegane kan vere mogleg å opne for modulvogntog, men dei har flaskehalsar, kryss og svingar som blir vurdert som utfordrande for tryggleik og framkomst. I tillegg til å gjere digitale sporingsmålingar er det difor viktig å teste modulvogntoga på vegane for å sjå korleis det fungerer i praksis og kartlegge punkt som treng utbetringar før ein kan opne vegane for modulvogntoga, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.