Odd Edøy fullførte eit 24 timar langt løp natt til langfredag

– Eg vart oppmuntra og rørt av kor mange som var innom i løpet av dagen

437 rundar og 175 km sprang Odd Edøy i løpet av 24 timar på Sande stadion. Driva var innom etter dei ti første mila, då var heile familien samla for å heie. Det var fleire innom Sande stadion skjærtorsdag, noko som inspirerte Edøy medan han sprang.

Løpeglede i blodet?: Mange var innom Sande stadion skjærtorsdag for å sjå Odd Edøy springe eit 24 timar langt løp. Her er han med barnebarnet sitt, Line Furu. Ho fikk testa sine splitter nye, rosa blinkesko. Bestefar Odd og Line var båe i storform.  Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Då Driva svingar innom Sande stadion rundt lunsjtider skjærtorsdag, får vi auge på den spreke 63-åringen Odd Edøy med ein gong. Han spring ikkje åleine, Alf Harald Dragseth held han med selskap. Dei gjer ferdig runden og stoppar for ein pust i bakken og ein prat.