Ikkje nok med skryt av ferjepolitikk

– Vi i Senterpartiet har i alle år kjempa for billigare ferje og hurtigbåt, og no har også Frp og andre begynt å lova billigare billettar. Men det er ikkje nok berre å skryte av dette, vi må faktisk ha forpliktande vedtak i Stortinget.

Jenny Klinge (Sp). 

Nyheter

Transport- og kommunikasjonskomiteen avga nyleg innstilling om ferjeforslaget frå Senterpartiet om å reformere finansieringa av ferje- og hurtigbåttilbodet. Utan støtte frå verken regjeringspartia, Frp, Ap eller SV fekk ikkje Senterpartiet fleirtal for nokon av framlegga sine i komiteen, dermed får partiet heller ikkje fleirtal i Stortinget når saka skal opp den 20. april.