Vinnutrappas venner har møtt på fleire utfordringar

Blir ikkje byggjestart i haust: – Målet er anleggstart så snart det er mogeleg til våren

Styreleiar Per Steinar Husby har sendt ei skriftleg orientering om status i Vinnutrapp-prosjektet. Orienteringa er òg meint som ein søknad om fortsatt støtte til bidragsytarane.

Vinnutrapp-prosjektet har møtt på nokon utfordringar i planleggingsfasen og no er byggjestart utsett. Vinnutrappas venner arbeider for byggjestart til våren i staden.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

– Prosjektet vårt har hatt ei framdrift som ikkje er i samsvar med opphavelege planer. Dette kjem i hovudsak frå koronaen, innleiar styreleiar i Vinnutrappas venner, Per Steinar Husby, orienteringa med.