Det vart ikkje Ålvundfjorddagan i år, men heldigvis blir det andeløp

Fleire av lodda til andeløpet har vorte selt utanfor Joker Ålvundfjord, av gulkledde, muntre damer. Andeløpet blir gjennomført sundag.

Selde lodd og laga for god stemning: Frå venstre Helga Bråten, Kari Vevang og Lene Wirum.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Det vart ikkje Ålvundfjorddagar i sumar, men andeløp i regi av Kvass/Ulvungen blir det. Ein kan vinne heile 20.000 kroner. Ein gjeng glade damer kledd i gule andekostymer har stått utanfor Joker Ålvundfjord og selt lodd. Til loddkjøparane har dei servert kaffi, kake og bakels med grøt. Når Driva er innom for å sikre seg eit par lodd, er det fleire som har samla seg rundt damene. Rundt omkring står gule badeender.