Heidi har fått sving på restauranten

Heidi Berre Nes tok over som drivar av Elvanesset Restaurant i Bøfjorden i fjor og opna dørene for første gang i pinsa same året. Men det var berre tilfeldigheiter som gjorde at Heidi kom til Bøfjorden for å drive restaurant.

Heidi Berre Nes smilande bak disken ved Elvanesset Restaurant i Bøfjorden.  Foto: Edvin Sættem Nessæther

Nyheter

Heidi Berre Nes kjem frå Bjugn på Fosenhalvøya og kan fortelje at ho har jobba innanfor restaurant- og hotellbransjen sidan ho var ung i arbeidslivet.