Husflidsprodusentar i Eresfjord med årviss julemesse:

– Her har vi berre kvalitetsvarer

– Julemessene er viktige. Dei bidreg til samhald mellom folk, seier Marit Rasten Leirvoll i Eresfjord husflidslag.
Nyheter

Borda var fylt med flotte husflidsprodukt da Eresfjord husflidslag opna dørene til helgas todagars julemesse. Dei siste åra har dei hatt messa i kafélokala i Coop-bygget. Rett over gangen har husflidslaget utsal som er open kvar dag i turistsesongen og på laurdagar elles i året.