Flått på ferde

– Borreliose er noko alle kan råke ut for, seier Gerd Marit Berge frå Sunndalsøra. Ho var med og starta Norsk Lyme borreliose foreining.

Gerd Marit Berge frå Sunndalsøra.  

Lite kryp, alvorleg sjukdom: Flåtten kan bere med seg ein alvorleg sjukdom. Vær på vakt no framover. 

Nyheter

I 2013 vart 29 menneske påvist smitta av flåttbårne sjukdomar i Møre og Romsdal, noko som plasserer fylket på ein fjerdeplass over fylka med flest flåttbårne sjukdomar.

Dei triste tala kjem fram i årsrapporten ”Flått og flåttbårne sjukdomar”, som nyleg vart utgjeve av Folkehelseinstituttet. Tala visar ei auking frå 2012, då vart det registrert 26 tilfelle av flåttbåren sjukdom. I 2011 vart det registrert 27 tilfelle, i 2010 heile 47 tilfelle i fylket.

– Vi har hatt besøk av nokre med flåttbitt, fortel Monica Snøsen, helsesekretær ved Surnadal legesenter. Ho fortel vidare at ho ikkje kan seie om nokre av dei bitte var smitta av flåttbårne sjukdomar.

– Om ein vert biten av flått er det om og gjort å få bort heile flåtten. Når ein har gjort det må ein følgje med på bittstaden og sjå om det kjem ein raud ring, noko som kan vere teikn på smitte, fortel ho.

Mange tilfelle

I fjor vart det meldt inn 315 tilfelle av borreliosesmitte i landet, og 6 tilfelle av Skogflåttencefalitt (TBE). Dei verste fylka er Hordaland med 54 tilfelle av borreliose i 2013, Vest-Agder 52 tilfelle og Rogaland med 38 tilfelle. Det er berre dei mest alvorlege tilfella av flåttbåren sjukdom som meldast inn, og fleire er sjuke utan å få riktig diagnose. I rapporten gjer Folkehelseinstituttet eit klart og enkelt råd for å unngå smitte.

– Det viktigaste førebyggjande tiltaket for å unngå sjukdom som overførast med flåttbitt, altså både Skogflåttencefalitt (TBE) og Lyme borreliose, er å unngå å verte biten av flått, står det i rapporten.

Farleg sjukdom

Dei små krypa kan bere med seg alvorleg sjukdom. Borreliose (eller lyme borreliose) er den vanlegaste flåttbårne sjukdomen i Noreg og elles i Europa, og kan vere alt frå ein lett behandla til ein alvorleg sjukdom.

Borreliose vert ofte ikkje diagnostisert og behandlinga av sjukdomen er utfordrande. Skogflåttencefalitt (TBE) skuldast ein infeksjon i sentralnervesystemet, og kan vere alt frå symptomlaus til alvorleg sjukdom.

Små og lure

Sesongen for flåttbitt er så vidt i gong. Dei fleste bitta skjer på seinsommaren og hausten. Så langt har det vorte meldt om fem tilfelle av Borreliose i fylket, men talet er venta å stige.

– Det er vanskeleg å unngå å verte biten av flått, dei er så små og lure. Om du har vorte biten og bittstaden vert raud er det berre å oppsøke lege, seier Monica Snøsen.

Store mørketal

Det er store mørketal når det gjeld sjukdomen Lyme borreliose.

– Ja, det kan vere mange som er råka men som ikkje får diagnosen, fortel Gerd Marit Berge frå Sunndalsøra.

Gerd Marit Berge var med og starta Norsk Lyme borreliose foreining.

– Vi var ei gruppe på 5–6 personar som alle hadde bakgrunn og erfaringar med flått og sjukdom, og vi såg at det var viktig for denne pasientgruppa å organisere seg. Foreininga blei starta både for å formidle erfaring og kunnskap mellom pasientar, og for å drive interessepolitisk arbeid. Sidan oppstarten i 2009 har foreininga oppnådd god dialog med både fagmiljø og myndigheiter, fortel ho.

Gerd Marit fortel at ho kjenner fleire i Sunndal som har sjukdomen.

– Borreliose er noko alle kan råke ut for. Sjukdomen kan vere vanskeleg å diagnosere.

Vær obs!

– Om det er flått i området er det om og gjort å passe på. Ha buksa i sokkane så flåtten ikkje kjem inn ved anklane, og ha flåttband på kjæledyr. Det er viktig å passe spesielt godt på borna, regelmessig flåttsjekk kvar dag bør vere rutine på linje med tannpuss. Det er også lurt å ha på lyse klede om ein skal vea i høgt gras, då ser ein flåtten lettare. Bruk gjerne også flått- eller myggspray, fortel Berge.

Flåtten trivst godt i høgt gras, – det nærmiljøet kan gjere er å halde buskaset nede, seier Gerd Marit.

Vanskeleg sjukdom

Lyme borreliose er ein vanskeleg sjukdom med mange uttrykk.

– Når ein har vorte biten må ein følgje med på bittstaden i ein måneds tid. Får ein eit raudt utslett på bittstaden kan det vere teikn på smitte. Av og til kan sjukdomen vise seg meir diffus, med influensaliknande symptom og vonde ledd, seier Gerd Marit. Om ein mistenker at ein har vorte råka av sjukdomen bør ein ikkje kvie seg på å oppsøke lege.

– Dersom smitta vert oppdaga i ein tidleg fase er behandlinga stort sett grei. Dersom sjukdomen har vart i lengre tid kan både diagnostikk og behandling verte vanskelegare, seier Berge.