Det går fram i ei pressemelding frå helseføretaket.

Konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal (HMR), Dag Hårstad, og styreleiar Stein Kinserdal er einige om at styresaka blir lagt fram utan innstilling til vedtak.

– Slik situasjonen er no, og som styreleiar tidlegare har signalisert, vil helseføretaket onsdag publisere styresaka på vanleg måte, seier Hårstad.

– Styremedlemmene i Helse Møre og Romsdal vil  ut frå saksframlegget og vedlagt materiell, førebu seg på å ta ei avgjerd i saka, seier Kinserdal. Han seier vidare at styret no på fritt grunnlag vil utforme eit vedtak i saka den 17. desember.

– Sidan dette er ei komplisert styresak legg vi til rette for at tilsette og publikum får ei kort orientering om innhaldet. Vi legg opp til ein presentasjon og gjennomgang av saka via streaming på intranett og nettsidene våre kl. 11.00 onsdag den 10. desember, seier Hårstad. Då kan dei som ønskjer det få ei rask innføring i hovudinnhaldet i styresaka, inkludert kvalitetssikringsrapporten frå Holte Consulting.