I året 2022 skal det største lagarbeidet i Noreg løftast fram, det frivillige arbeidet. Der skal Torbjørn Brøske kåsere med bilete frå Sjømannskyrkja sitt frivillige arbeid, ein organisasjon som er kjend verda rundt for sin frivillige innsats. I tillegg skal Bjarne Nordlund fortelje om korleis dei får til det frivillige arbeidet i kyrkja i Rindal. Per Arne Hyldbakk vil vise ein biletekavalkade frå aktivitetar og arbeid i Stangvik sokn. Årsmelding blir lagt fram, og det blir servering og loddsal.

Dei skal også lufte synspunkt på det med minnelund på kyrkjegarden, noko som fleire i den seinare tida har etterspurt.

Torbjørn Brøske kjem til prestegarden med bilete frå Sjømannskyrkja sitt frivillige arbeid. Foto: Privat