-No stengast hotellet i eit par dagar, fortel styreleiar i næringsbygget hotellet ligg i, Per Magne Waagen. Waagen fortel at det vart ei dramatisk natt på hotellet.

-Sambuarparet som driv hotellet bur i ei leilegheit i same bygg som hotellet. I går kveld såg dei at lyset gjekk i hotellet, og mannen gjekk ned for å sjå kva som hadde årsaka straumbrotet. Då han gjekk inn på kjøkkenet vart han overfall av to maskerte menn. Dei teipa han fast og trua han. Då mannen ikkje kom att til leilegheita gjekk sambuaren ned for å sjå kva som var på gong. Då overfall gjerningsmennene ho også. Kvinna prøvde å springe unna, men gjerningsmennene løp etter og tok ho igjen. Ho vart lagt i bakken. Kvinna klarte derimot å rope etter hjelp, og vart høyrt av nokre ungdommar som kom til unsetning. Også nokre bubilturistar kom til unsetning, noko som førte til at gjerningsmennene la på sprang, fortel Waagen.

Sambuarparet fekk mindre skadar, dei har vorte behandla av lokalt ambulansepersonell og vorte sendt til legesjekk.

Det er ikkje kjend kva gjerningsmennene var etter.

-Så vidt vi kan sjå er det ikkje noko som har vorte teke, men dei har fått med seg eit par nøklar. Vi jobbar no med å sikre bygget. Låsane skal skiftas ut, seier Waagen. Han legg til:

– Det er utruleg spesielt at noko slikt som dette hender, det meste av omsetninga skjer ved bruk av bankkort, så det er ikkje rare summane å få med seg. Overfallet er merkeleg.

Politiet fekk melding om overfallet klokka 23.31 i går kveld. Dei var raskt på plass. Det vart sett opp sperringar og ofra samt vitnar vart avhøyrt.

Saka oppdaterast fortløpande

Politiet har gått ut og bedd om tips i saka. Tips til politiet kan meldast på tlf. 02800/71589000.