– Vi meiner at spreiing av gummigranulat ut i naturen og sjøen knytt til snømåking og drift av ei kunstgrasbane er i strid med forureiningslova, seier Ingbjørn Bredeli i FNF Møre og Romsdal.

Forum for Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal er eit samarbeidsforum for natur- og friluftslivsinteresserte organisa-

sjonar i fylket. FNF, ved koordinator Ingbjørn Bredeli har no sendt ut skriv til kommunane, med kopi til presse, fylkeskommune, idretts- og fotballkrets om gummigranulat på kunstgrasbaner og gummigranulat. Bredeli viser til at plast som kjem på avvege i naturen, kan spreie miljø- og helseskadelege stoff. Det er allereie påvist mikroplast i både fisk, sjøfugl og matprodukt, som honning, øl og havsalt. Miljødirektoratet har utarbeidd ein rapport, der det vert vist til at tap av gummigranulat frå kunstgrasbaner kan stå for cirka 1500 tonn mikroplast per år, og det er uvisse rundt kor mykje som ender opp i ferskvatn eller hav. Dette gjer kunstgrasbaner til ei av dei største kjeldene til mikroplast, etter slitasje av bildekk.

– Mykje på avvege

FNF ser at talet kunstgrasbaner aukar formidabelt og at kvar bane inneheld rundt 100 tonn gummigranulat og må etterfyllast med cirka 10 tonn per år, av di mykje dregst vekk via snørydding og avrenning og mykje fester seg til sko og klede. Granulatet ligg ikkje i ro, skriv Bredeli. Per dato er det 115 fotballbaner av kunstgras i fylket vårt og 16 er under planlegging. Naturvernforbundet har og peika på at det har skjedd ei spreiing av gummigranulat utanfor kunstgrasbanen og at dette er i strid med forureiningslova. Det har kravd at kommunen som forureiningsmynde i slike saker må sørgje for opprydding etter § 37 i forureiningslova. FNF skriv at kommunane må syte for å stoppe det straks.

– Vidare må kommunane vurdere anna oppbygging og fyllmassar i dei kunstgrasbanene som er under planlegging, uttaler Bredeli.

Det er to ting som kan gjerast for å unngå granulat frå bana ut i naturen. Ein må ikkje dumpe snø med granulat i skråningar og grøftar. Ein må og bruke miljøvennleg fyllmasse ved nybygging. Sand testast ut som fyllstoff, og ei løysing er å legge ei gummimatte under kunstgraset, skriv Bredeli.

- Vi har fokus på det

Både i Surnadal og Nesset er det fokus på at gummigranulat ikkje skal spreiast vekk frå baner.

Lilly Husby, kulturleiar i Surnadal kommune, seier til Driva at kommunen har fokus på det.

– Vi er medviten på at ein ikkje skal spreie gummigranulat utanfor bana. Eit døme er Øye stadion, der me brøyter minst mogleg. Det er likevel noko vanskeleg å ha full kontroll på alle banar og kva som vert gjort. Staten vil ha mest mogleg lågterskeltilbod og lågterskelanlegg, samstundes er det snakk om forureining, det er ei avvenning for og imot kva ein skal sjå på, seier Husby.

Oppmodar til miljøvennleg fyllmasse

– Kva gjør de i høve til bygging av nye baner?

– Vi oppmodar til å bruke miljøvennleg fyllmasse. Det gjer vi og når eksisterande skal fylle på nytt, seier Husby.

Turid Øverås, kulturleiar i Nesset, seier kommunen har fokus på det.

– Ja, ein gjer det slik at ein ikkje brøyter snøen ut av banen, men legger den på kanten, og så har ein den innpå banen att. Det er fotballgruppa som brøyter, men det har ikkje vore så mye snø. Det er kostbart at det går vekk mykje granulat ut frå banen, så det beste, både økonomisk og for miljøet, er å ta vare på det. Banen vert litt mindre når ein gjer det slik, men for treninga si skyld går det bra. Eg håpar vi ikkje spreiar meir enn nødvendig og vi skal halde fokus på det.

– Kva kan ein gjere for å unngå for mykje gummigranulat på sko og klede?

– Det er godt stell av banen og vedlikehald som må til for å unngå det.