Jon Høgstad døydde 25. juni, 84 år gammal. Jon var bonde på garden Østu Gikling i Sunndalen saman med Gudbjørg. Dei hadde både kyr,sau,gris og hest på garden. Jon var hestekar og fekk fram den eine stortravaren etter den andre. Han satte verkeleg Sunndal på kartet i travmiljøet.

Jon hadde også eit godt humør og var positiv og smilande. Han hadde energi og stor arbeidskapasitet.

Jon engasjerte seg i politikken. Han var leiar i Sunndal Senterparti frå 1975-1978 og satt i Sunndal kommunestyre i tida 1988 til 1991.

Han var også leiar i Møre og Romsdal Senterparti i seks år på 80-talet. Han var flink og dyktig politisk og nøyaktig i alt han gjorde. Jon var god å samarbeide med og samlande, har eg vorte fortalt av fylkessekretæren.

Vi vil takke for alt arbeidet han la ned i Senterpartiet, både lokalt og i fylkeslaget for Senterpartiet.

Vi lyser fred over Jon sitt minne.

Sunndal Senterparti, Jørgen Singsdal