32 frivillige deltakarar, eller vaktbikkjer, frå forskjellige LO forbund har i sommar vitja bedrifter i Møre og Romsdal. Dei har gjennomført 581 bedriftsbesøk.

-Vaktbikkjene er stort sett nøgd med det vi har funne, men vi ser at det framleis er behov for dei, etter 30 år, skriv Kent Logan Jelle, fagleg ungdomssekretær i LO Møre og Romsdal.

Sjølv om dei fleste bedriftene kom godt ut av patruljen vart det funne mange lovbrot.

-Det vart funne lovbrot i 22 prosent av bedriftene, det var flest brot på arbeidstidsavgjerder (pause, overtid og andre arbeidstidsregler), deretter manglande arbeidskontraktar og lønnslip. Vi har møtt uvanlege hendingar som å lønne sine tilsette med mat i staden for lønn, ei heil bedrift utan skriftlege arbeidsavtaler og de fleste mindre bedriftene vi møtte på hadde ikkje verneombod, skriv Jelle.

Sjølv om patruljen vart møtt med opne dører på dei fleste bedriftene, var det nokon som nekta dei inngang.

-LOs Sommerpatrulje møtte på fleire bedrifter som ikkje ville sleppe oss inn over hele fylket. Dette var spesielt i turistnæringa og restaurant bransjen. I Geiranger fekk vi også beskjed ifrå ei bedrift om å gå frå området etterfølgt av ei dør som vart smekka igjen framfor patruljedeltakerne, skriv Jelle