Tysdag hadde 100.000 lese innlegget som Bjørnar Berge frå Syvde i Vanylven sende til Sunnmørsposten og som blei publisert i helga. Innlegget var også delt over 600 gonger på Facebook, søndag kveld.

– Dette er heilt vilt. Det trefte tydelegvis noko, seier Berge på telefon til Sunnmørsposten søndag kveld.

Mobbing og utfrysing

Innlegget blei skrive etter eit foreldremøte for litt sidan. Politioverbetjent Pål Inge Olsen som er førebyggjande koordinator for politiet på Søre Sunnmøre, tok føre seg tema som sosiale media, foreldrerolla og grensesetting. Og det han fortalde, sjokkerte Berge.

– Det han fortalde var så forferdeleg å høyre at eg blei heilt dårleg. Eg trudde eksempla på daglegtale var frå eit knallhardt skulemiljø i ein stor by austafor. Men dei var frå skular på Sunnmøre, fortel Berge.

Mobiltelefonar og sosiale media har gjort at mobbing, utfrysing og hetsing kan gå føre seg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Og Berge fryktar at vi held på å miste kontrollen, men bodskapen hans er at for barna si skuld kan ein ikkje tillate seg å gi opp.

Etter at tankane han sat at med etter møtet hadde kverna i hovudet nokre dagar, sette han seg ned for å skrive innlegget.

– Det er jo eigentleg ei enkel sak som er vanskeleg å vere ueinig i, seier Berge som berre har fått positive tilbakemeldingar på innlegget.

Han har fått direkte respons frå både kjende og ukjende.

– Folk har sendt meldingar og lufta frustrasjonen sin. Og eg har fått veneførespurnader frå folk som eg ikkje kjenner, fortel Berge og legg til:

– Eg såg ikkje at det skulle ta av slik.

Ganske strengt

Berge jobbar som elektroformann i Sibelco på Åheim og er altså ingen profesjonell skribent, og han synest det er flott at så mange har hatt lyst til å lese tankane hans om det som er eit viktig tema.

Han har sjølv seks barn i alderen seks til 30 år, inkludert to bonusbarn.

– Og korleis er mobilregimet i heimen hos deg?

– Det er ganske strengt, Vi har «family link» installert på telefonane til 11- og 12-åringen i huset, og telefonane er vanlegvis ikkje med på skulen, men vi kunne sikkert ha vore strengare, seier Berge og understrekar at dei nok ikkje gjer dette noko betre enn andre.

Les kronikken til Berge her

Gjerne eit hjartesukk

Inger-Johanne Ruset som er debattjournalist i Sunnmørsposten, seier at det ikkje er vanleg at eit lesarinnlegg får slik utbreiing som Bjørnar Berge no opplever.

– Det er vanskeleg å vite kva som treffer ein nerve. Det er ikkje berre å skrive ein tekst og vente at noko slikt skal skje, seier Ruset og legg til:

– Typisk for innlegg som når mange er at det er eit hjartesukk som kjem frå skribenten sitt indre. Og det er gjerne ikkje proffe skribentar som opplever mest interesse, men det handlar om å treffe ein streng. Det er gjerne eit teikn i tida og noko mange kjenner seg igjen i.

Tema også hos unge skribentar

Ho ser at tematikken som Berge tek opp også er noko som går igjen blant unge skribentar, i skrivekonkurransen «Unge stemmer».

Eit anna innlegg som hadde stor rekkevidd nyleg var skrive av ei anonym mor til ein ungdom som har fått alvorlege rusproblem. Mora deler kunnskapen sin om unge sin narkotikabruk og haldningar til narkotika.

– Eitt innlegg åleine betyr gjerne ikkje så mykje, men summen av fleire innlegg gjer at ein kan få til ei samfunnsendring, seier Ruset.

Sjølv hadde ho tru på at Berge kom til å oppleve stor interesse for innlegget sitt:

– Det krev mot å tore og skrive. Berge torde å skrive, og no ser han at han fekk fram bodskapen sin. Det kan ein ikkje vite før ein har prøvd, seier Ruset.