Det er meldt store nedbørsmengder i kveld. For å skape ein best mogleg Kleivakveld for alle involverte og publikum har styret i Laget Vårsøg beslutta at årets Kleivakveld blir flytta innandørs til Storstua i Surnadal kulturhus.

Det skriv Laget Vårsøg i ei pressemelding.

I Storstuå er det plass til 300 personar. Dei som allereie har kjøpt billettar er sikra plass i Storstuå og kan sette seg i salen frå kl. 17.30.

Det er ikkje nummererte plassbillettar i Storstua i kveld.

Dei som ønsker å kjøpe billett må stille seg i gammaldags billettkø inne i Surnadal kulturhus på merka område frå kl. 17.30 - 18.00.

Det blir sal av kaffe, græt og bakels i foajeen ein drøy time før start.

Kleivakvelden startar når billettene er utseld og folk har fått sett seg.