NVE og Meteorologisk institutt (MET) har sendt fleire varsel om ekstremveret Hans, også for Møre og Romsdal. Mellom anna raudt varsel for regn i Sunndal kommune, i tillegg til varsel om jord- og flaumskred og flaum på oransje nivå for fleire kommunar i fylket.

Surnadal kommune deltok i ettermiddag i eit samvirkemøte i regi av Statsforvaltaren der vi fekk ein status over regionale prognosar for venta nedbørsmengder måndag og tysdag, samt overordna behov for beredskap.

Det skriv Surnadal kommune i ei pressemelding.

Surnadal og Rindal kommunar har i kveld hatt eit felles beredskapsmøte kor vi drøfta situasjonen. Vi skal ha eit nytt statusmøte måndag kl. 15:15 for ny vurdering av eventuelle konsekvensar av ekstremveret i vår region.

Vi anbefaler innbyggarane å følgje med på oppdaterte vervarsel og tenkje gjennom kva du sjølv kan gjere for å førebygge skade. Følg med på varsom.no og forhald deg til informasjon frå kommunen du befinn deg i. Det kan bli redusert framkommelegheit og vegar kan bli stengde.

Beredskap og vakttelefonar i Surnadal kommune finn du her.