Bakgrunnen er melding frå NVE om at store mengder nedbør kan utgjere ein risiko for trygg ferdsel i området som blei utsett for jordskred søndag 30. juli, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på si heimeside.

Det er ikkje bestemt at vegen blir stengd, eller tidspunkt for når det skjer, men stenginga kan måtte skje på kort varsel. I så fall blir det då ikkje mogleg å køyre ut og inn av området langs fylkesvegen.

Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune anbefaler derfor alle som bor langs vegstrekninga om å reise ut av området før vegen eventuelt blir stengd. Molde kommune vil tilby overnatting i Molde natt til tysdag for dei som treng tilbod om det.

Kommunen og fylkeskommunen presiserer at dette er ei anbefaling og eit tilbod, og ikkje ei ordinær evakuering. Vi kjem tilbake med tidspunkt og ytterlegare informasjon i løpet av måndag, men ber i første omgang innbyggarar og eventuelt andre i området om å vere førebudd.

Det planlagde informasjonsmøtet på samfunnshuset i Vistdal måndag 7. august kl. 15 blir utsett inntil vidare på grunn av det varsla ekstremvêret.