Hundreogettåringen er å sjå på kino. Foto: Foto utlånt frå Surnadal kino
XXX- The return of Xander Cage. Foto: Foto frå Surnadal kino

Etter at skogmus og stjernekrigarar dominerte desembermånaden på Surnadal kino, vil det bli vist sju nye filmar i januar. Det fortel Steinar Hasselø.

- Dei to første startar fredag 6. januar, og begge er basert på tidlegare suksessar. «Assassin’s Creed» med aldersgrense 12 år er nok eit videospel som har vorte gjort om til kinofilm. Rollelista er imponerande, med Michael Fassbender i hovudrolla. Dette er truleg først og fremst ein film for dei som kjenner til videospelet. Men spelet er tross alt selt i 100 millionar eksemplarar, så publikumspotensialet er i alle fall der.

Hunderåring har vorte eldre

- Den sjamerande hundreåringen som i si tid klatra ut glaset og forsvann har no vorte eitt år eldre. Det blir meir svensk «feel-good»  med «Hundreogettåringen som stakk fra regningen og forsvant» (12 år). Denne gongen dreg Allan Karlsson frå Bali tilbake til Sverige, jakta på av både CIA-agentar, balinesiske pengeinnkrevjarar og eit svensk brusfirma, seier Hasselø.

To amerikanske filmar er på skjermen frå fredag 13. januar, men begge er regissert av nordmenn. Science-fiction-filmen «Passengers» (9 år) er laga av Morten Tyldum, som tidlegare har gjort «Hodejegerne» og «The Imitation Game». Det er kjente Jennifer Lawrence («Hunger Games» m.fleire) og Chris Pratt som har dei største rollene, fortel Hasselø vidare.

«The Autopsy of Jane Doe» (15 år) er ein skrekkfilm laga av André Øvredal, tidlegare mest kjent som regissør av «Trolljegeren». Ei ikkje-identifisert kvinne («Jane Doe») blir funne drepen i ein småby. Under obduksjonen finn dei skadar på kroppen som minner om slike som hekser vart utsett for.

Marcus og Martinius

- Den store filmen for i alle fall mange av dei yngre blir «M&M – Sammen om drømmen». Det er ein dokumentarfilm om dei to tvillingane Marcus og Martinus som ikkje berre har hatt ein eventyrleg suksess her til lands, men også i våre naboland. Vi får følgje med dei to frå da popkarrieren deira tok av tidleg i 2015, til dei fyller opp Oslo Spektrum for eit par månader sia.

Og det er noko for ein kvar smak:

- Dei krimhungrige vel kanskje heller «Live by Night», lagt til 1920-talet med blodige gangsteroppgjer i Boston og Ben Affleck i hovudrolla. Og det er Vin Diesel som rundar av månaden med «xXx: The Return of Xander Cage».