Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut Fylkesprisen Årets Bedrift.
I år kom det inn 38 forslag, og i går valde regional- og næringsutvalet å dele ut prisen til den familiedrivne bedrifta Tingvollost.
Osteprodusenten lagar for tida verdas beste ost, blåmuggosten Kraftkar, og har sett Tingvoll på det internasjonale matkartet.
- Tingvollost er ein betydeleg arbeidsplass i kommunen, dei er opptatt av å nytte lokale leverandørar og bygge nettverk med andre regionale aktørar, seier leiar i regional- og næringsutvalet Runar Vestheim i ei pressemelding.
- Tingvollost har gjennom nasjonal og internasjonal merksemd, sett regionen og Noreg som osteland på verdskartet. Gjennom dei 14 åra bedrifta har eksistert, har dei vore Tingvoll sitt visittkort mot omverda, seier han.
Vestheim trekker også fram bedrifta sin tydelege miljøprofil.
-Tingvollost tar miljøansvar ved gjenbruk av energi, reinsing av vatn og kjeldesortering, seier han.
Prisen blir delt ut under fylkestinget i april.
Tidlegare vinnarar av Fylkesprisen Årets Bedrift
2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune
2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune
2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
2009: Saferoad AS, Ørsta kommune
2008: Odim AS, Hareid kommune
2007: Brunvoll AS, Molde kommune
2006: Haugen Bok AS, Volda kommune
2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune
2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune
2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune
2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune
2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune