Ekstremveret Ingunn er nedjustert frå oransje til gult farenivå i Surnadal.

Statsforvaltaren gjennomførte i ettermiddag eit nytt møte med alle kommunar og beredskapsrådet for oppdaterte progosar og informasjon.

Surnadal kommune har fått melding frå busselskapet og Statsforvaltaren om at skuleskyssen her og i mesteparten av fylket forøvrig, vil gå som normalt i morgon, torsdag 1. februar. Skulane blir difor i ordinær drift. Dette med mindre vervarselet snur dramatisk.

– Vi kan vente oss ein del vind i natt og ein god del snø det kommande døgnet. Fredag er det venta mykje regn og det er sendt ut farevarsel for sørpeskred. Laurdag kan vinden ta seg opp utover kvelden, før veret roar seg, skriv kommunen i ei statusoppdatering.

Beredskap natt til torsdag 1. februar

  • Det er etablert beredskapslegevakt lokalt i Surnadal i tilfelle vi får stengde vegar. Bruk vanleg legevaktnummer: 116117.

  • Dei kommunale tenestene har førebudd seg på eventuelt bortfall av strøm og telekommunikasjon.

  • No som elles gjeld det at ein kan bruke jaktradio, kanal jakt 1 om nødvendig for å nå kommunal beredskapsvakt.

Surnadal kommune har heva beredskap i tråd med gjeldande farevarsel.

– Vi oppfordrar framleis folk til å følge med på vermeldingar for Surnadal og ta nødvendige forholdsreglar.