17. – 19.april skal 370 ungdommar frå heile fylket delta på UKM si fylkesmønstring i Herøy kommune. I år er det 30 år sidan den første fylkesmønstringa vart arrangert i Molde.

Gjennom årlege lokale, regionale og nasjonale mønstringar, har unge kulturtalent frå fylket fått ein profesjonell arena for sine eigne uttrykk.

Arrangøren melder at det i løpet av helga blir stor jubileumskonsert i det nye Fosnavåg konserthus med deltakarar frå UKM gjennom 30 år.

- Mange av våre nasjonale artistar og kunstnarar har delteke på UKM i løpet av ungdomstida si, seier arrangøren.

Lone Lorgen og Lone Dalsegg Guttormsen fra Rindal åpner festforestillinga der Real Pasion fra Halsa og deltek saman med Kåre Nymark, Kenneth Ekornes og gruppa Red Hot.

Det navnløse teateret fra Sunndal og Døgnflue fra Surnadal er to av de andre vel 30 deltakerne fra Driva-distriktet.