No tek Surnadal kommune trusselen på alvor. Kommunen har fått 30 000 kroner av Fylkesmannen til å greie ut trusselen.

Tildelinga frå Fylkesmannen skal gå til ei utgreiing av spreiinga til artane kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose. Desse tre plantane er i dag svartelista, og kjem til å verte forbode frå 1.januar 2016. Eit forbod innebær at det vert ulovleg å innføre, sette ut og/eller omsetje plantane i Noreg.

Dei tre artane er utbredt over heile landet, kanskje har du dei i hagen?

Kartleggjinga vil verte gjennomført i løpet av året av iTrollheimen, Gøran Bolme har ansvaret for denne kertleggjinga. Surnadal kommune vil i framtida jobbe i lag med iTrollheimen for å fjerne og avgrense forekomstane av dei uønska plantane.

Ei spreiing av svartleista arter kan verte katastrofalt for stadseigne plantar og begrense det særeigne biologiske mangfaldet.

Alle kan gjere noko for å halde dei svartelista artene unna, kommunen nemner to punkt:

-Grunneigarar og hageeigarar oppfordrast til å bekjempe artane. Dette må skje på rett måte for å hindre ytterlegare spreiing.

- Meld frå om større og mindre førekomstar av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose til: post@itrollheimen.no

Kommunen har lagt ut ei detaljert forklaring på korleis ein handskar med dei farlege artane på sine nettsider.