Fylkesveg 63 Trollstigen vart stengd kl. 13 i dag. Etter oppdaterte vêrprognosar frå Meteorologisk institutt og stor auke i vassføringa fleire stader, har fylkeskommunen bestemt seg for å stenge fleire vegstrekningar.

I tillegg til Trollstigen, blir desse vegstrekningane stengt måndag 7. august:

  • Fv. 655 Norangsdalen blir stengt frå kl. 17.00.

  • Fv. 63 Geirangerfjellet blir stengt frå kl. 1700 på strekninga Langvatn–Geiranger.

  • Aursjøvegen, som er bomveg spesielt populær for turistar, er også stengd.

Må vere trygt

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen forklarar i ei pressemelding at dei stenger desse vegane utifrå eit føre-var-prinsipp.

– Vår førsteprioritet er å sørge for at det er trygt for folk å ferdast på fylkesvegane våre. I desse områda ser vi at den varsla nedbøren kan få store konsekvensar. Vi vil ikkje ha trafikantar på vegane når det verste vêret sett inn, seier han.

Tønnesen fortel at dei overvakar fylkesvegnettet og følgjer situasjonen tett.

– Vi er godt bemanna, og har folk ute som følgjer nøye med på utviklinga.

– Fylkeskommunen har sett beredskapsstab på samferdselsområdet og handterer akutte hendingar fortløpande.

Andre strekningar kan også bli stengd

Fylkesvegsjefen opplyser at det også er fleire andre vegstrekningar der trafikantar kan rekne med stenging på kort varsel i løpet av måndag eller tysdag. Dette gjeld spesielt desse strekningane:

  • Fv. 660 på strekninga Åfarnes–Vistdalen

  • Fv. 62 på strekninga Øksendal–Sunndal

  • Fv. 6012 på strekninga Øverås–Eikesdal

  • Fv. 6138 på strekninga Sunndal–Grøa

– Dette er vegstrekningar der vi veit at ekstreme mengder vatn kan føre til ulike hendingar. Vi har lav terskel for å stenge desse strekningane dersom vi ikkje likar utviklinga i vassføringa der, seier han.

Vegtrafikksentralen

Tønnesen oppmodar alle trafikantar om å halde seg oppdatert og følje med på informasjon frå Vegtrafikksentralen.

– Hos VTS finn du oppdatert informasjon om stengingar og hendingar på vegnettet, slik at du kan gjere gode vurderingar av kvar og når du bør køyre, seier han.

Redusert framkomme

Fylkesvegsjefen åtvarar også om at det kan vere redusert framkomme sjølv om ein veg er open.

– Det kan vere lokale forhold som gjer at framkomme på vegen er redusert, så køyr forsiktig, og ver merksam på omgjevnadane dine, oppmodar han.

Illustrasjonsfoto. Foto: Tingh/Erik Birkeland